I Lurkarlaget står aktivitet og sosialt samvær i fokus, her er mellom anna bli-kjent-tur, toppturar til fots og med ski, rafting og elvepadling, klatresamling, fisketur, surfetur, bretur og bålhygge. Er det Highcamp eller Fjellfilm festival, ellar annat spennande, me er der! Frå januar og ut våren dreiar det seg mykje om det kvite element, som vi kvart år ber til snøgudane om å få i store mengder. Me brukar vårt eminente, lokale skisenter i tide og utide. Me brukar forøvrig toppane som omkransar bygda ”vår” flittig, arrangerar snøholetur, måneskinnstur, skredkurs og sjølvsagt ”etter-ski” med obligatoriske sprell. I tillegg til aktivitetane i friluft, samlar me godtfolk til trivelige medlemskveldar, filmkveldar og dessutan handlekveldar på intersport.
Styret i Lurkarlaget har som mål å tilrettelegge turane slik at flest mogleg kan vere med, både med tanke på nivå, pris og utstyr. Me ynskjer alle turglade studentar hjarteleg velkomne som Lurkis! Du er garantert mykje hygge, nye vennar, flotte bilete til albumet, og minner for livet!



